Som leiar for
barnehage- og skulesektoren vil du ha overordna ansvar for skulane og barnehagane i kommunen. Rolla omfattar tilsyn av tre 1-10 skular, ein 1-7 skule, seks oppvekstsenter (kombinert barnehage og skule) og ein kommunal barnehage (to fram til august 2024). I tillegg er det tre private barnehagar i kommunen. Med felles leiing av barnehage- og skuleområdet, ynskjer kommunen å oppnå ein meir heilskapleg tilnærming til opplæringsløpet. Stillinga vil inngå i leiargruppa til kommunalsjef oppvekst som består av leiarar for barnehage og skole, barnevern, PPT samt kultur og læring. Vindafjord kommune, ein BTI-kommune, fokuserer på tverrfagleg samarbeid for å gje barn og unge ein trygg oppvekst og meistring av livets utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og tilrettelegge for godt samarbeid i skule og barnehage – med fokus på trivsel, meistring og læring
- Arbeide for at skulane og barnehagane i Vindafjord utviklar seg som lærande organisasjonar, med god kvalitet på tvers av einingane i kommunen
- Etablere god styringsdialog med einingsleiarar i oppvekst, samt støtte og rettleie dei i deira leiaroppdrag
- Leie og koordinere utviklingsarbeidet på tvers av oppveksttenestene
- Analysere resultater på både barnehage- og skulenivå, og rettleie dei ulike tenestene for kontinuerleg forbetring
- Sikre optimal forvalting av tildelte ressursar, fremje godt tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester og bidra til positiv utvikling i Vindafjord kommune
- Ivareta myndighetsoppgåver for barnehage og skule i samarbeid med andre fagpersonar, samt utgreie og saksbehandle politiske og administrative saker på overordna nivå
Ynskja kvalifikasjonar:
- Leiarerfaring frå skule eller barnehage, samt kunnskap om kommunal forvaltning
- Relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse, gjerne supplert med leiarutdanning
- God økonomiforståing, solid digital kompetanse og erfaring i å leie organisasjonar i endring
- Tydeleg og trygg leiar med god strategisk tankegang kombinert med sterk gjennomføringsevne
- Tillitsskapande med god evne til samhandling og kommunikasjon
- Solid rolleforståing i forhold til samspel mellom administrasjon og politikk
- Motiverande leiarstil, høg arbeidskapasitet og god evne til å prioritere og arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr ei spennande og utfordrande leiarrolle i ein kommune i kontinuerleg utvikling. Du vil få moglegheit til å delta i leiar nettverk både internt, regionalt og nasjonalt, der kollektiv læring, leiing og utvikling er i fokus. Vi tilbyr støtte og rettleiing når du treng det, samt dedikert leiaropplæring for nytilsette leiarar. Med vårt kontinuerlege fokus på leiarutvikling sikrar vi at du har dei nødvendige ressursane for å vekse og trivast i din rolle. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med god pensjons- og forsikringsordning.
Fram til søknadsfrist vil alle søkjarar bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at etter at søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli førd opp på søkjarlista. Dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før den offentlege søkjarlista blir laga.
For meir informasjon ta gjerne kontakt med Tom Monclair Larsen tlf. 98 29 51 41 eller Jonas Grønningen tlf. 923 70 980 i Personalhuset. Du kan også kontakte kommunalsjef Nils Erik Eide tlf. 982 86 872 i Vindafjord kommune.